Ein skule med innhald

Innlegg på trykk i Hallingdølen 28.05.2011:

Når Høgre sine politiske konkurrentar berre snakkar om Høgres skulepolitikk, vel eg å tru at det er fordi politikken er veldig bra, eller fordi vi er det einaste partiet som seier at vi vil gjere noko konkret med skulekvardagen til enkeltelevar flest.

Fleire av Høgre sine ordførarar har i det siste lagt fram eit ynskje om karakterar allereie frå 7.klasse. Det er ikkje fordi dei vil elevane noko vondt, men fordi dei har ein ambisjon, motivasjon og glød for skulen. Karakteren fortel eleven kor ein står i faget. Så kan den skriftlege og munnlege tilbakemeldingen fortelje deg om det er setningsoppbygging eller ordklassa som er utfordringa, eller om det er divisjon eller subtrahering ein må jobbe med. Saman, ikkje det eine på tross av det andre, går dette hand i hand.

Når Høgre sitt valprogram til fylket slår fast at vi vil innføre fritt skuleval allereie frå neste skuleår, så er det fordi vi har meir tillit til kvar enkelt elev og familien sjølv, enn det vi har til oss politikere. Det kan være trivsel på skulen, det faglege, omdøme, og ei rekke andre element som verken du, eg eller nokon andre har noko med å gjere. Enkelteleven sjølv er den beste til å avgjera dette.

Valfritt sidemål i grunnskulen handlar om å fokusere på det som er viktig i skulekvardagen. Høgre erkjenner at ein av fem elevar går ut grunnskulen utan å kunne lese eller skrive skikkeleg, då meiner vi det er tullete å tvinge elevar gjennom to versjonar av same språk. Dei som vil kan naturlegvis lære seg sidemålet. Enkelteleven sjølv er også her den beste til å avgjere dette.

Valet til høsten handlar, som venstresida seier det, ”om eit vegval”. Eit val mellom Høgre som ynskjer å gjere noko med innhaldet i skulen, og venstresida som er meir opptatt av å kritisere vår politikk enn å forme sin eigen.

Mykje er bra med den norske skulen, men mykje kan også bli betre. Eg tvilar ikkje på mine konkurrentar sine hensiktar, men eg er overbevist om at mi verktøykasse i fylkestinget er mykje, mykje betre.

Christopher Amundsen Wand

Formann i Buskerud Unge Høgre

5. kandidat til fylkestinget.

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s